Operasjon Dagsverk 2019

Elevar ved Gol vgs. har operasjon dagsverk torsdag 31. oktober. Årets aksjon støttar kongolesisk ungdom sin innsats for ei betre framtid.

Saman med hjelpeorganisasjonen Caritas Norge ynskjer OD-prosjektet å nedkjempe seksuell vald og slavearbeid. Midlane skal gå til å lære kongolesisk ungdom om rettane dei har, sikre dei utdanning og yrkesopplæring, og gje dei ein sjanse til å bestemme over eiga framtid.

Vil løfte 15 000 unge ut av slavearbeid

DR Kongo er eit fattig land rikt på naturressursar som diamant, koltan, kobolt og gull. Etterspurnaden etter koltan til mobiltelefonar og kobolt til elbilar er stor, og dette gjev også grobotn for konflikt i landet.

Operasjon Dagsverk opplyser om at 40 000 born og unge arbeider i koboltgruver i DR Kongo. Valdtekt vert systematisk nytta som eit våpen, og halvparten av geriljasoldatane er ungdom under 18 år.

Årets OD-prosjekt ynskjer å stoppe rekrutteringa av unge til gruvene og geriljaen, og håpar å hjelpe 15 000 ungdomar ut av slavearbeid, gjeve dei vern og ei trygg inntekt.

Det er frivillig å delta. Dei elevane som ikkje skal vere med møter på skulen denne torsdagen for eige opplegg. Minstesummen for ein dags arbeid er 400 kr. All betaling foregår digitalt (www.betale.od.no). Frist for betaling er 14. november.

Meir informasjon om årets OD finn du her.


Publisert 17. oktober 2019, oppdatert 17. oktober 2019.